Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane – ordinær søknad

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har ambisjonar om å verte ein viktig aktør i samfunnsutviklinga i fylket, som den dominerande eigaren av den største banken i fylket og gjennom utdeling av gåver til allmennyttige formål.

Ordinær søknad om gåve til allmennyttige tiltak har søknadsfrist 1. mars og 1. september.

Furorestipend (personlege stipend til framifrå ungdom (u/30 år) i kategoriane kultur, idrett og open klasse) har søknadsfrist 15. juni. Eige søknadsskjema for Furorestipendet vert lagt ut på www.sparebankstiftinga.no ein månad før søknadsfristen.

I tillegg er det høve til å sende Forenkla søknad om gåver på under 10.000 kroner fortløpande.
Alle søknadar til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane må sendast inn digitalt via www.sparebankstiftinga.no; søknadar sendt inn på annan måte vil ikkje bli handsama. Avslag på gåvesøknader vil ikkje bli grunngjeve.

For meir informasjon og søknadsskjema sjå her

 

Siste nytt