Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane – ordinært tilskudd

Gåveinstituttet til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane skal bygge opp om visjonen til Sparebanken Sogn og Fjordane om å vere ei drivkraft for fylket. Midlane skal gjere fylket til ein rikare og betre plass å bu og først og fremst fremje viktige verdiar som mangfald, trivsel og utvikling. Dette er tre berebjelkar i utvikling av lokalsamfunna i Sogn og Fjordane.

Sparebankstiftinga har to hovud-søknadsrundar i året, ein på våren og ein på hausten.

Søknadsfristen på våren er 1. mars og på hausten er det 1. september.

Kor mykje pengar stiftinga deler ut kvart år, finn du under “Aktuelle saker frå Sparebankstiftinga” på forsida.

I tillegg til hovud-rundane er det mogleg å sende ein “forenkla søknad” heile året, for deg som treng mindre beløp raskt. Forenkla søknadar skal normalt få svar innan fire veker. Du kan nytte forenkla søknad på beløp opp til 10.000 kroner. Dersom du vil søkje om støtte til ordinær drift av ei foreining eller eit tiltak, må du òg nytte forenkla søknad. Det vil òg seie at vi normalt ikkje gir meir enn 10.000 kroner til ordinær drift (jamfør Vilkår for gåvetildeling).

For meir informasjon og søknadsskjema sjå her

Siste nytt