Sparebankstiftinga: Furorestipend

Furorestipendet er Sparebankstiftinga sitt personlege stipend til framifrå ungdom (15-30 år) i kategoriane kultur, idrett og «open klasse». Stipendet har variert i storleik frå 10.000 til 100.000 kroner; men dei siste åra har alle stipenda vore på 50.000 kroner.

Furorestipendet har søknadsfrist 15. juni kvart år. Eige søknadsskjema for Furorestipendet vert lagt ut på www.sparebankstiftinga.no ein månad før søknadsfristen. Frå 2015 vart potten auka frå 300.000 kr til 350.000 kr i året, og i 2016 vart den igjen auka, til 400.000 kroner pr år.

Furorestipendet er einaste høve til å få personleg stipend frå Sparebankstiftinga. Sidan dette er personlege stipend, er det ikkje knytt krav om rapport til midlane.

Ein jury er ansvarleg for å plukke ut stipend-vinnarane. Juryen har dei siste åra bestått av Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga), Terje Lyngstad (tidl. Sogn og Fjordane Teater), Stig Roger Eide (tidl. Firda) og Torill Faleide (Førdefestivalen). Frå 2015 fekk juryen med Trude Skarvatun (Førde kulturskule).

Stipenda vart dei første åra delt ut på eit felles arrangement, men sidan ikkje alle mottakarane hadde høve til å delta, vert stipenda no delt ut på individuelle arenaer – og då likar vi best å overraske kandidaten med stipendet. Dette kan vere noko tidkrevjande, og betyr at øvrige søkjarar diverre ikkje får tilbakemelding på sine søknadar før etter at alle stipenda er delt ut.

Les meir og søk her

Siste nytt