Sogn og Fjordane fylkeskommune – Stipend for unge kunstnarar i etableringsfasen

Målet er å støtte unge profesjonelle kunstnarar som er busett i eller i ferd med å etablerer seg i Sogn og Fjordane.

Kven kan søkje?

Profesjonelle kunstnarar under 35 år innan alle uttrykk som er busett i Sogn og Fjordane eller som skal etablere seg i Sogn og Fjordane i stipendperioden. Kunstnarar under utdanning kan ikkje søkje.

Det er krav om kunstfagleg utdanning eller høg realkompetanse.

Kunstnarar som mottar Statens kunstnarstipend eller Statens garanterte minsteinntekt i den aktuelle perioden kan ikkje søkje kunstnarstipend frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Stipendet kan søkjast av enkeltpersonar.

Søknadskjema

Elektronisk søknadskjema: Kunstnarstipend

Les meir her

 

Siste nytt