Sogn og Fjordane Fylkeskommune: Kulturmidlar til allment kulturarbeid

Grunnstønad

Dei som kan søkje er organisasjonar og samanslutningar med kulturell aktivitet som hovudføremål. Organisasjonane må dekke heile fylket eller ein region (minst tre kommunar).

Vi legg vekt på medlemstal ut frå betalt medlemskontingent og medlemer under 26 år. Det blir ikkje gitt grunnstønad til politiske organisasjonar og helse- og sosialretta organisasjonar som ikkje har kulturaktivitet som sin hovudaktivitet. Det må ligge ved rekneskap og årsmelding for siste år, og budsjett og arbeidsplan for komande periode samt opplysast om tal medlemmar.

Søknad og handsaming

Søknad skal sendast på eige søknadsskjema til fylkeskommunen innan 15. januar. Søknaden vert handsama av Hovudutval for næring og kultur. Søkjarane vert tilskrivne så snart vedtak er gjort.

Tilskot skal nyttast det året det er gitt tilsegn for. Tilsegnsbrev inneheld vilkår for tiltaket.  Dersom tiltaket vert rimelegare enn føresett, eller dersom tiltaket av ein eller annan grunn får endra økonomiske føresetnader undervegs, kan tilskotet verte avkorta. Rapport for bruken av midlane må vere innsendt før utbetaling kan skje. Rapporteringsfrist er 1. november.

Ved tilskot på 100 000 kroner eller meir skal det leverast revidert rekneskapsrapport. Søkjar vert oppmoda om å opplyse i skriv og annonser at fylkeskommunen støttar tiltaket. Det er vidare sett vilkår om at arrangørar som mottek økonomisk støtte aksepterer følgjekortordninga.

For meir informasjon og søknadsskjema se her 

Siste nytt