Prosjekttilskot: Kultur – amatør

Søk tilskot til tiltak og prosjekt innan ulike kunst- og kulturfelt og sjangrar

Kven kan søkje

Aktørar innan det frivillige kulturfeltet i Hordaland, og tiltaket skal ha kulturaktivitet som hovudføremål.
Organisasjonar/institusjonar som tek i mot driftsstøtte frå HFK kan søkje tilskot frå desse ordningane om det gjeld særskilte tiltak, slik som t.d. samarbeidsprosjekt og utprøving av nye tiltak.

Kva kan støttast

Fylkeskommunen si rolle er å vere ein regional utviklar, så prosjektet må ha regional verdi og / eller nedslagsfelt. Desse tilskotsmidlane gir høve til å prøve ut nye prosjekt og tiltak som kan vere med på å vidareutvikle kulturlivet i Hordaland, t.d. setje i gang pilotprosjekt som vil ha overføringsverdi til andre.
HFK har tre beslekta søknadsordningar for prosjektstøtte innan kulturfeltet, som er meint å utfylle kvarandre:
  • Prosjekttilskot: Kultur – amatør
  • Prosjekttilskot : kunst og kultur – profesjonell
  • Prosjekttilskot: Større kulturprosjekt
Sjå gjerne på nettsidene til dei andre to ordningane også om du er i tvil om kva som er rett søknadsordning for dykkar prosjekt.
Det er totalt sett av 918 000 kroner til ordninga Prosjekttilskot : kunst og kultur – profesjonell  i 2018. Minst 510 000 kroner av desse skal gå til tiltak som gjeld barn og / eller ungdom.  Den enkelte løyving ligg som regel mellom 10 000 og 40 000 kroner. Hordaland fylkeskommune fullfinansierer normalt ikkje prosjekt.
Det blir ikkje gitt støtte til følgjande:
  • Innkjøp og vedlikehald av bygg, utstyr og instrument.
  • Ordinær drift av institusjonar, organisasjonar, lag, grupper og tilsvarande.
  • Tiltak/prosjekt i regi av fylkeskommunale institusjonar – t.d. vidaregåande skular.
  • Utgjeving / publisering av skjønnlitteratur, film og musikk. Unntak kan vere når målet er dokumentasjon med kulturhistorisk verdi.
  • Deltaking på seminar, utdanning, studiereiser, gjestekunstnaropphald ol.

Sjå full oversikt over inretting og kriteria

Les meir og søk her

Siste nytt