Q&A med Ingvild Nesdal Sandnes

Q&A med Ingvild Nesdal Sandnes

Ingvild Nesdal Sandnes fortel om sine erfaringar som frilans cellist i samtale med prosjektansvarleg i Brak, Elise Hessevik.

Kva gjer ein dersom ein ikkje får fast jobb i eit orkester etter endt studietid? Korleis kan ein leve som frilans musikar og kva fordelar og ulemper er det ved å drive sitt eige føretak?
I samarbeid med Gloppen musikkfest og Firda VGS presenterer Brak ein Q&A som kan hjelpe deg som vil starte di eiga bedrift i musikkbransjen.

Dato: 6. september
Tid: 15.00 – 16.00
Stad: Gloppen hotell

Ingvild Nesdal Sandnes 
Ingvild er frilans cellist med base i Oslo. Ho har ein master i utøving ved Norges Musikkhøgskole under professor Truls Mørk. Ho har også studert under Frans Helmersson og Nicolas Altstaedt.

Ingvild jobbar for tida i Operaorkesteret, i tillegg til å være ein svært aktiv frilansar. Ho har nyleg spelt på Klang Festival i København, samt konsertar i Århus og Oslo med samtidsmusikkensemblet Aksiom, og ho spelar jamleg med ensembel som Oslo Sinfonietta, Cikada og Temporum. Ho har sidan 2014 vore solocellist i det prosjektbaserte Telemark Kammerorkester. Ingvild var også ein av musikarane under Ålesund Kammermusikkfestival i januar, og ho arrangerer konsertserien Klassisk på Bro i Ålesund.
Ingvild har motteke stipend frå m.a. Stiftelsen RWE Dea, Kulturrådet, FFUK og Stiftelsen Kjell Holm.

Prosjektansvarleg i Brak Sogn og Fjordane, Elise Hessevik, vil leie samtalen og finne ut korleis det er å jobbe frilans i den klassiske delen av musikkbransjen. Kva skulle ein gjerne visst før ein blei frilansmusikar? Kva er det som skal til for å skaffe seg jobbar? Kor mykje jobb er det utanom spelejobbane og kva går dette ut på? Kva er fordelane ved å jobbe som frilans og kva er ulempene?

Det blir tid til spørsmål frå salen under seminaret.

 

Etter samtalen med Ingvild Nesdal Sandnes serverer vi vegetarpizza og brus og så blir det kurs om konsertproduksjon med Kristin Sandal i same lokale. Les meir om kurs i konsertproduskjon her. Kurset er ferdig til kl. 17.00 slik at vi alle er klare til å fortsette festivalen med konsert på bdhuset kl. 18.00. NB! Gi beskjed om allergiar innan 4. september.

Seminaret er gratis og krevjer ingen påmelding. Vel møtt!

Siste nytt