Konsertproduksjon med Kristin Sandal

Konsertproduksjon med Kristin Sandal

Lær om konsertproduksjon av den største aktøren i Sogn og Fjordane, OnCue Music Productions.

Kristin Sandal gir deg tips og triks om konsertproduksjon. Kva treng ein å vite om produksjon før ein set igong? Korleis kan ein finansiere prosjektet? Korleis lagar ein produksjonsplan og kva skal stå i denne? Alt dette og meir får du svar på under Kristin Sandal sitt kurs i konsertproduksjon!

Dato: 6. september
Tid: 16.00 – 17.00
Stad: Gloppen hotell

Kristin Sandal
Kristin jobbar i OnCue Music Productions som er det største produksjonsselskapet i Sogn og Fjordane. OnCue jobbar blant anna med Malakoff, Blest og Førdefestivalen. Kristin jobbar også i Norsk Countrytreff og har tidlegare jobba som prosjektansvarleg i Brak.

Det blir tid til spørsmål frå salen under seminaret.

 

Før kurset om konsertproduksjon har vi ein Q&A med frilanscellisten Ingvild Nesdal Sandnes om korleis det er å leve som frilansmusikar i den klassiske delene av musikkbransjen. Les meir om dette kurset her. Det blir også servert vegetarpizza og brus mellom kursa. Gi beskjed om evt. allergiar innan 4. september. Kurset er ferdig til kl. 17.00 slik at vi alle er klare til å fortsette festivalen med konsert på bdhuset kl. 18.00.

Seminaret er gratis og krevjer ingen påmelding. Vel møtt!

Siste nytt