Jamsession med Søren Reiff

Jamsession med Søren Reiff

Bli med på førjulsjam i Førde 1. desember!

Stad: Festsalen på Førdehuset
Dato: 1. desember 2018
Tid: 19.00 – 21.00 (dørene opnar 18.30)
Pris: gratis
Aldersgrense: 18 år. u/18 kan delta med verge.

Søren Reiff er ein dansk jazz- og funkgitarist, men med masse erfaring frå dei fleste sjangrar. Han har gitt ut tre eigne album og har svært lang fartstid som profesjonell gitarist. Søren har jobba med blant mange andre; Kim Larsen, Hanne Boel, Chaka Khan og Randy Crawford. 

Program:

1) Deltakarane på banddoktor får opa scene for å presentere ein låt eller to som dei har jobba med på dagtid.
2) Cissy Strut, Amazing grace (funky soul version) og Come together (Michael Ruff version). Desse går det an å forberede seg på og det er fritt for alle å delta på scena. Sjå vedlagte notar til to av dei under:
Cissy Strut
Amazing Grace Leadsheet
3) Opa scene. Det er fritt fram for å spele ein låt ein har øvd på, eller dra i gang ein låt saman med andre.

Søren Reiff er i Førde med ein seminarserie for gitaristar og band frå 29. november til 1. desember. I den forbindelse blir det arrangert Jamsession der deltakarane frå seminara kan vise fram noko av det dei har lært. Arrangementet er gratis og ope for alle. Det er også ope for alle å delta i jammen.

Sunnfjord Café og Catering serverer øl/vin/mineralvatn.

Bruk sjansen mens Søren Reiff er i Førde og få også med deg Guitarcamp, seminar og Banddoktor.
Les meir om Guitarcamp (12 – 16 år)
Les meir om Guitarcamp 17+
Les meir om Banddoktor her
Les meir om “Korleis skape seg ei musikkarriere” her
Seminarserie og Jam blir arrangert i samarbeid med Førde kulturskule og støtta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Førde kommune. 

Siste nytt