Hordaland fylkeskommune: Kunstnarstipend

Hordaland fylkeskommune har lyst ut sine kunstnarstipend. Kunstnarstipend vert gitt til profesjonelle kunstnarar – innan ulike kunstartar - busett i Hordaland. Stipenda skal gje høve til ein periode med fordjupning og / eller fagleg påfyll. Følgjande stipend er lyst ut med søknadsfrist - 1. juni.

5 stipend á 25 000 til reise- og kompetansehevingsstipend

2 stipend á 50 000 arbeids- og fordjupningsstipend

Minst eitt av arbeids-/fordjupningsstipenda skal gå til ein kunstnar i etableringsfasen.

Ein kunstnar kan søkje om begge typar stipend same år. Om ein har fått stipend gjennom HFK skal det gå minst 3 år før ein igjen vil verte vurdert for evt. nytt stipend.

Det kan søkjast innan følgjande kategoriar:

›Visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design)

›Musikk

›Scenekunst(inkl. dans)

›Litteratur og film

Finn søknadsskjema her

Siste nytt