Hordaland fylkeskommune: Prosjekttilskot – større kulturprosjekt

Større og særskilde tiltak og prosjekt innan ulike deler av både det profesjonelle og frivillige kultur- og idrettsliv i Hordaland.

Kven kan søkje

Aktørar både det profesjonelle og frivillige kulturfeltet, og tiltak som har idrett og friluftsliv som hovudføremål, kan søkje i denne ordninga.
Organisasjonar/institusjonar som tek i mot driftsstøtte frå HFK kan søkje tilskot frå desse ordningane om det gjeld særskilte tiltak, slik som t.d. samarbeidsprosjekt og utprøving av nye tiltak.

Kva kan støttast

Kultur- eller idrettstiltak med ei viss fagleg tyngd og storleik og ein klår prosjekttanke. Det skal vere tydelege føregangsprosjekt med klår verdi for utviklinga av kulturlivet i fylket.
Fylkeskommunen si rolle er å vere ein regional utviklar, så prosjektet må ha regional verdi og / eller nedslagsfelt. Desse tilskotsmidlane gir høve til å prøve ut nye prosjekt og tiltak som kan vere med på å vidareutvikle kulturlivet i Hordaland, t.d. setje i gang pilotprosjekt som vil ha overføringsverdi til andre.
HFK har tre beslekta søknadsordningar for prosjektstøtte innan kulturfeltet, som er meint å utfylle kvarandre:
  • Prosjekttilskot: Kultur – amatør
  • Prosjekttilskot : kunst og kultur – profesjonell
  • Prosjekttilskot: Større kulturprosjekt
Sjå gjerne på nettsidene til dei andre to ordningane også om du er i tvil om kva som er rett søknadsordning for dykkar prosjekt.
Det er totalt sett av 1 020 000 kroner til ordninga Prosjekttilskot: Større kulturprosjekt i 2018. Den enkelte løyving ligg som regel mellom 50 000 og 150 000 kroner. Hordaland fylkeskommune fullfinansierer normalt ikkje prosjekt.
Det blir ikkje gitt støtte til følgjande:
  • Innkjøp og vedlikehald av bygg, utstyr og instrument.
  • Ordinær drift av institusjonar, organisasjonar, lag, grupper og tilsvarande.
  • Tiltak/prosjekt i regi av fylkeskommunale institusjonar – t.d. vidaregåande skular.
  • Utgjeving / publisering av skjønnlitteratur, film og musikk. Unntak kan vere når målet er dokumentasjon med kulturhistorisk verdi.
  • Deltaking på seminar, utdanning, studiereiser, gjestekunstnaropphald ol.
Om det gjeld støtte til produksjon må det ligge føre plan for utbreiing og formidling.

Siste nytt