Hordaland fylkeskommune: Prosjekttilskot: Kultur – amatør

Søk tilskot til tiltak og prosjekt innan ulike kunst- og kulturfelt og sjangrar.

Kven kan søkje

Ordninga gjeld for aktørar innan det frivillige kulturfeltet i Hordaland, og tiltaket skal ha kulturaktivitet som hovudføremål.

Organisasjonar, foreiningar og lag må ha organisasjonsnummer for å søkje. Privatpersonar kan søkje tilskot eventuelt på vegner av ei gruppe. Då vert det stilt krav om at fødselsnummer vert oppgjeve, og evt tilskot er oppgåvepliktig til skattemynde.

Organisasjonar/institusjonar som tek i mot driftsstøtte frå HFK kan søkje tilskot frå desse ordningane om det gjeld særskilte tiltak, slik som t.d. samarbeidsprosjekt og utprøving av nye tiltak.

Kva kan støttast

Fylkeskommunen si rolle er å vere ein regional utviklar, så prosjektet må ha regional verdi og / eller nedslagsfelt. Desse tilskotsmidlane gir høve til å prøve ut nye prosjekt og tiltak som kan vere med på å vidareutvikle kulturlivet i Hordaland, t.d. setje i gang pilotprosjekt som vil ha overføringsverdi til andre.

HFK har tre beslekta søknadsordningar for prosjektstøtte innan kulturfeltet, som er meint å utfylle kvarandre:

  • Prosjekttilskot: Kultur – amatør
  • Prosjekttilskot : kunst og kultur – profesjonell
  • Prosjekttilskot: Større kulturprosjekt

Sjå gjerne på nettsidene til dei andre to ordningane også om du er i tvil om kva som er rett søknadsordning for dykkar prosjekt.

Det er totalt sett av 918 000 kroner til ordninga Prosjekttilskot : kunst og kultur – profesjonell i 2019. Minst 510 000 kroner av desse skal gå til tiltak som gjeld barn og / eller ungdom. Den enkelte løyving ligg som regel mellom 10 000 og 40 000 kroner. Hordaland fylkeskommune fullfinansierer normalt ikkje prosjekt.

Det blir ikkje gitt støtte til følgjande:

  • Innkjøp og vedlikehald av bygg, utstyr og instrument.
  • Ordinær drift av institusjonar, organisasjonar, lag, grupper og tilsvarande.
  • Tiltak/prosjekt i regi av fylkeskommunale institusjonar – t.d. vidaregåande skular.
  • Utgjeving av litteratur, film og musikk. (Unntak kan vere dokumentasjon med kulturhistorisk verdi).
  • Deltaking på seminar, utdanning, studiereiser, gjestekunstnaropphald ol.

Sjå full oversikt over innretting og kriteria

Føremål med ordninga

Tilskotsordninga skal stimulere til aktivitet og sikre innbyggjarar i heile fylket høve til å delta i eit mangfaldig kulturliv slik det er skissert i Premiss: kultur, regional kulturplan for Hordaland 20152025. Kulturpolitikken skal fremje og støtte eit sterkt frivillig kulturliv, og det skal stimulerast til nettverk og samarbeid. Barn og ungdom har spesiell merksemd, og ein ønskjer å stimulere spesielt til at unge sjølv er aktive deltakarar i prosjektet.

Det skal elles tas omsyn til følgjande vedtekne kulturpolitiske mål og søkje å oppfylle desse:

  • Kulturpolitikken skal fremje demokrati og ytringsfridom.
  • Hordaland skal ha eit rikt, aktivt og mangfaldig kulturliv, med tilgang for alle.
  • Kulturpolitikken skal identifisere og styrke miljø og aktivitetar der Hordaland er eller kan vere leiande.

Les meir og søk tilskot her

Siste nytt