Hordaland fylkeskommune: Folkemusikkstipend

Stipend til utøving og arbeid med tradisjonsinstrument, vokal tradisjon og folkedans.

Kven kan søkje

Stipenda kan tildelast musikarar, songarar og dansarar og deg som arbeidar med dokumentasjon, formidling eller instrumentbygging. I vurderinga vert det lagt vekt på kunstnarleg og fagleg nivå og kjennskap til feltet. Søkjar må vere busett i Hordaland.

Kva kan støttast

Folkemusikkstipend  – eitt stipend á kr 50.000

Folkemusikk Ung  – to stipend á kr 25.000 til søkjarar under 30 år

Det vert ikkje gitt støtte til offentleg godkjend utdanning som til dømes gjev rett til studielån. Stipenda er meint å gje høve til ein periode med fordjupning og / eller fagleg påfyll og utvikling.

Føremål med ordninga

Satsinga skal oppmuntre til kunstnarleg utvikling og å styrke og sikre arbeid med immateriell kulturarv.

Les meir og søk her

Siste nytt