HFK – Større kulturprosjekt med regional verdi

Føremål

Tilskotsordninga skal stø opp om vedteken visjon for kulturutviklinga i Hordaland, jf Regional kulturplan 2015–2025: Hordaland skal vere ein leiande kulturregion.

Visjonen gjev uttrykk for ambisjonen om å vere grenseoverskridande og nyskapande med risikovilje, og å ta vare på og utvikle verdiar. Kulturlivet i Hordaland skal markere seg på høgt nivå.

Følgjande kulturpolitiske mål ligg til grunn:

  1. Hordaland skal ha ein offensiv kulturpolitikk.
  2. Kulturpolitikken skal fremje demokrati og ytringsfridom.
  3. Hordaland skal ha eit rikt, aktivt og mangfaldig kulturliv, med tilgang for alle.
  4. Kulturpolitikken skal fremje og støtte eit sterkt frivillig kulturliv.
  5. Hordaland skal ha eit sterkt, profesjonelt kulturliv som fremjar skapande og frie kunstuttrykk.
  6. Kulturpolitikken skal identifisere og styrke miljø og aktivitetar der Hordaland er eller kan vere leiande.
  7. Berekraftig utvikling og forvalting av landskap, miljø og anlegg skal gje grunnlag for eit rikt kulturliv i heile fylket.
  8. Kultur skal vere integrert i utviklinga av alle samfunnsområde, med kvalitet i både tradisjonar og nyskaping.

Kven kan søkje

Profesjonelle aktørar innan kunst- og kulturlivet med aktivitet i Hordaland.

Organisasjonar, foreiningar og lag må ha organisasjonsnummer for å søkje. Privatpersonar kan søkje tilskot eventuelt på vegne av ei gruppe. Då vert det stilt krav om at fødselsnummer vert oppgjeve i søknaden.

Sjå her for meir informasjon

Siste nytt