HFK – Kunstprosjekt og kulturtiltak – profesjonell

Målgruppe

Profesjonelle aktørar innan kunst- og kulturlivet med aktivitet i Hordaland.

Organisasjonar, foreiningar og lag må ha organisasjonsnummer for å søkje. Privatpersonar kan søkje tilskot eventuelt på vegne av ei gruppe. Då vert det stilt krav om at fødselsnummer vert oppgjeve i søknaden.

Målsetting

Stønadsordninga skal særleg ta omsyn til følgjande kulturpolitiske mål:

  • Kulturpolitikken skal fremje demokrati og ytringsfridom.
  • Hordaland skal ha eit rikt, aktivt og mangfaldig kulturliv, med tilgang for alle.
  • Hordaland skal ha eit sterkt, profesjonelt kulturliv som fremjar skapande og frie kunstuttrykk.
  • Kulturpolitikken skal identifisere og styrke miljø og aktivitetar der Hordaland er eller kan vere leiande.
  • Kultur skal vere integrert i utviklinga av alle samfunnsområde, med kvalitet i både tradisjonar og nyskaping.

Tilskotsordninga skal styrkje gjennomføringa av eit regionalt kunstløft og vere innretta for å svare på aktuelle utfordringar og behov innanfor eit ambisiøst og profesjonelt kunstliv i Hordaland. Ordninga skal også omfatte kulturminneprosjekt og tiltak i regi av profesjonelle aktørar, td museum. Ordninga skal kunne stø det profesjonelle kulturlivet i Hordaland og deltaking i internasjonalt samarbeid. Prosjekt utanfor landegrensene må vere i samsvar med føremål og kriteria for ordninga.

Kriteria / Ordninga skal

  • stimulere prosjekt/tiltak som er i samsvar med vedteken visjon for kulturutviklinga i Hordaland og som har tydeleg regional kulturverdi.
  • støtte prosjekt og tiltak som har kunst- og kulturfagleg innhald som hovudføremål.
  • stimulere til produksjon og visning av samtidskunst av høg kvalitet innan ulike kunstformer og sjangrar.
  • stimulere til profesjonelt, prosjektbasert arbeid med innsamling, dokumentasjon, bevaring og formidling av materiale som utgjer grunnlaget for auka kunnskap om historie, kunst, kulturar og samfunnsliv i Noreg.
  • stimulere til mangfaldig kunst- og kulturaktivitet rundt om i fylket, både når det gjeld innhald og deltaking.
  • stimulere til kontakt, samhandling og nettverk på tvers av sjangrar og kommunegrensar for profesjonelle kulturaktørar i fylket.
  • gje høve til å prøve ut nye prosjekt og tiltak som kan vere med på å vidareutvikle kulturlivet i Hordaland. Dette kan t.d. vere pilotprosjekt som vil ha overføringsverdi til andre.
  • stimulere til nyskapande formidlingsmåtar for eit samansett publikum.
  • stimulere til å skape og formidle kunst og kultur for barn og unge. Spesielt vert det oppfordra til å
  • jobbe for ei større ungdomsdeltaking i det profesjonelle kunst- og kulturtilbodet.

Sjå her for meir informasjon og søknadsskjema

Siste nytt