HFK – Kulturtiltak – amatør

Føremål

Løyvingane frå ordninga skal stø opp under gjennomføringa av Hordaland fylkeskommune sin kulturpolitikk i tråd med Regional kulturplan, stimulere til aktivitet, og sikre innbyggjarar rundt om i fylket høve til å delta i eit mangfaldig kulturliv.

  • Kulturpolitikken skal fremje demokrati og ytringsfridom.
  • Hordaland skal ha eit rikt, aktivt og mangfaldig kulturliv, med tilgang for alle.
  • Kulturpolitikken skal fremje og støtte eit sterkt frivillig kulturliv
  • Berekraftig utvikling og forvalting av landskap, miljø og anlegg skal gje grunnlag for eit rikt kulturliv i heile fylket.
  • Kultur skal vere integrert i utviklinga av alle samfunnsområde, med kvalitet i både tradisjonar og nyskaping.

Kven kan søkje

Aktørar innan kunst- og kulturlivet med aktivitet i Hordaland.

Organisasjonar, foreiningar og lag må ha organisasjonsnummer for å søkje. Privatpersonar kan søkje tilskot eventuelt på vegner av ei gruppe. Då vert det stilt krav om at fødselsnummer vert oppgjeve i søknaden.

Sjå her for meir informasjon

Siste nytt