Guitarcamp (12 – 16 år)

Guitarcamp (12 - 16 år)

Lær nye triks på Guitarcamp med Søren Reiff!
NB! 4 ledige plassar.

Dette kurset passar for aldersgruppa 12 – 16 år.
Er du over 17 år kan du delta på dette kurset.

Guitarcampen til Søren Reiff blir tilpassa til kvar enkelt gruppe. Normalt er kvar gruppe mellom 5 – 8 personar og ein tek føre seg tema som lyd og tone, rytmegitar, solospel og musikkteori. I tre intensive timar jobbar ein med eitt til to tema for å utvikle seg betydelig på dette området. I lyd og tone ser ein på kombinasjonen av gitar og forsterkerar, pedalar og teknikkar. I rytmegitar ser ein på akkordar, omleggingar, roller og arrangement i forhold til medspelarar og stilartar. I solospel går ein meir inn på skalaer, tonevalg, frasering, dynamikk og oppbygging av ein solo. I musikkteori overførast teori til gitaren. Her kan det jobbast med til dømes substitusjonar eller akkordutvidingar. 

Søren Reiff er ein dansk jazz- og funkgitarist. Han har gitt ut tre eigne album og har svært lang fartstid som profesjonell gitarist. Søren har jobba med blant mange andre; Kim Larsen, Hanne Boel, Chaka Khan og Randy Crawford. Søren har også gitt ut fem bøker – fire av desse er gitarundervisningsbøker, den siste handlar om musikkbransjen.  

Bruk sjansen mens Søren Reiff er i Førde og få også med deg Banddoktor.
Les meir om Banddoktor her
Laurdag kveld vil Søren også dra igang ein jamsession. Her kan ein vise fram det ein har jobba med på seminar, eller slenge seg på ein låt eller to. Meir informasjon kjem.

Som Brakmedlem får du kurset gratis. Du kan melde deg inn her. 

Er du ikkje medlem i Brak, kan du likevel bli med på kurs. For ikkje-medlemmar er kurset likevel sterkt sponsa og kostar berre 250 kroner. Send skriftlig påmelding med navn, alder, adresse og telefonnummer til elise@brak.no. Faktura vil bli sendt i etterkant av påmelding.

Kurset blir arrangert i samarbeid med Førde kulturskule og med støtte frå Førde kommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Meld meg på!

Meld deg inn om du ikke allerede er medlem. Medlemmets e-postadresse er den til artisten, bandet eller aktøren du er tilknyttet. (Kan være samme som din egen e-post).

Siste nytt