Destinasjon Sogn og Fjordane

Destinasjon Sogn og Fjordane

Korleis kan reiselivet og kulturfeltet jobbe tettare saman for å skape større destinasjonar?

Sogn og Fjordane har eit kreativt og variert kurturtilbod med mange festivalar og store arrangement gjennom året. Korleis kan vi gjere desse arrangementa til større turistattraksjonar? Brak inviterer til møteplass for reiseliv, kultur og politikk i vakre Balestrand 24. november.

 

Programmet startar med lunsj kl 12.00.

Det blir innlegg og diskusjonar utover dagen.

Vi avsluttar med konsert kl 18.00 med påfølgjande middag.

Påmelding til elise@brak.no innan 20. november.

Siste nytt