Blest 2019

Blest 2019

Brak arrangerer Blest for åttande gong 18.-19. januar 2019. Er du artist, arrangør, booker, manager, produsent eller generelt interessert i musikkbransjen? Bli med på Blest og møt gamle og nye musikkvenner, få fagleg påfyll og ny inspirasjon!

Meld deg på som delegat her

BLEST SHOWCASE
Fredag 18. januar 20.00 – 01.00
Vi fyller Larris og Biblioteket på Scandic Sunnfjord Hotel med musikk frå Sogn og Fjordane. Det blir variert musikk av høg kvalitet og vi kan love noko for ein kvar smak.

Line up: V I L N E SFalkevikJackbow, TBA, TBA, TBA, TBA

OM FAGPROGRAMMET
Brak presenterer eit aktuelt fagprogram med spennande seminar og debattar og moglegheit til å møte lokal og nasjonal musikkbransje laurdag 19. januar frå 11:00 – 17:00 på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa.

Kl. 11.00 – 11.45: Mitt nachspiel, ditt ansvar?
Endeleg får vi forklart korleis vi skal forholde oss til bildebruk på nett og i sosiale media i desse GDPR-tider. Eit meget relevant kurs presentert av advokat i Bing Hodneland, Stine Helén Pettersen.

Kl. 12.00 – 12.45: TBA
Kl. 14.00 – 14.45: TBA

Kl. 14.00 – 14.45: YouTube for artist
Sjå baksida av YouTube og lær korleis du kan bruke YouTube til å promotere seg sjølv som artist. Lee Barter frå INgrooves viser deg korleis du kan bygge ein fanbase gjennom video.

Kl. 15.00 – 15.45: TBA

Kl. 16.00 – 16.45: Sosiale media og digital marknadsføring
Kva bør ein gjere og ikkje gjere på sosiale media? Norske konsertarrangører sender sin beste representant, Elisabeth Bekken Vikanes, som går gjennom praktiske eksempel og viser deg tips og triks for å lykkast med profilering på sosiale media.

Følg med for oppdateringar på fagprogrammet.
Les meir her: http://www.brak.no/program-blest-2019/

 

LUTTPRISEN
Laurdag 19. januar kl. 20.00 – 21.00
NRK Sogn og Fjordane deler ut Luttprisen i forbindelse med Blest 2019. Luttprisen oppsummerer musikkåret 2018 og fleire av årets viktigaste artistar blir og sjå på scena. Det blir eit forrykande show på Larris scene som også skal sendast LIVE på radio. Showet inneheld blant andre: SJURSOFIA_officialAleks GreyFrida Hunshammer og Lothe. Konferaniser: Ronny Brede Aase

Konsert: 21.30 – 22.00: TBA

Etter Luttprisen fortsetter vi å feire musikklivet i Sogn og Fjordane ut i dei små timar. 

 

SKAFF DEG DELEGATPASS I DAG
Alt dette kan du få med deg som delegat heilt gratis!

Meld deg på som delegat her!

Du må sjølv dekke reise og overnatting.
For overnatting: Brak har medlemsrabatt på Scandic sine hotell. Gå til Scandic Sunnfjord Hotel & Spa og legg inn rabattkode D000035752 ved bestilling.

Vi sjåast på Blest!

Siste nytt