Blest 2018

Blest 2018

Brak arrangerer Blest for sjuande gong 20. januar 2018. Denne gang i samarbeid med NRK Sogn og Fjordane og Larris Scene. Er du artist, arrangør, booker, manager, produsent eller generelt interessert i musikkbransjen? Bli med på Blest og møt gamle og nye musikkvenner, få fagleg påfyll og ny inspirasjon!

Meld deg på som delegat her

OM FAGPROGRAMMET
Brak presenterer eit variert fagprogram med spennande seminar og debattar og moglegheit til å møte lokal og nasjonal musikkbransje fra 11:00 – 16:00 på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Du kan blant anna møte representantar frå Nordic Live, MER, Toothfairy, Norske Konsertarrangører, INgrooves, Musikkutstyrsordningen, Rockefeller, Malakoff og Utkantfestivalen.

Booking anno 2018

Kl. 11.00 – 11.45
Korleis er samspelet mellom artist, bookingagent og arrangør? Kva forventningar har dei til kvarandre og korleis kan dei best treffe publikumet sitt saman? Kven har eigentleg ansvar for kva i prosessen fram mot konserten?

Panel:
Arnt-Ivar Naustdal, Malakoff
Sigrid Moldestad, artist
Jon Gotteberg, NKA
Erica Leypoldt, Nordic Live
Moderator: Vilde Blomhoff Pedersen, Vill Vill Vest

Spelelister: radio vs strømming

Kl. 12.00 – 12.45
Korleis tenkjer radio når dei setter spelelister? Korleis tenkjer strømmetenester når dei setter spelelister? Korleis jobbar artistar og apparat mot desse to kanalane og kva er viktigast for å spre musikken til sitt publikum?

Panel:
Atle Bredal, musikksjef NRK P1
Henrik Sanne Kristensen, Tidal
Sjur Gimmestad, artist
Gilbert Lunde, MER
Moderator: Vegard Moberg, Brak

Konsertproduksjon for papirpushere

Kl. 14.00 – 15.00
Musikkutstyrsordningen inviterer til foredrag med Anne Amundsen Myrseth om verdien av ein god “advance”/preproduksjon og tar oss gjennom prosessen frå ein konsert er booka fram til showdag. Du får ei praktisk innføring i korleis lese og forstå ein teknisk rider utan sjølv å være tekniker. Vi går gjennom dei viktigaste faktorane å merke seg og kommunisere i preproduksjonsfasen, for at gjennomføringa skal bli ei best mogleg oppleving både for turnerande crew, artistar, teknisk personell, tilsette på spelestaden og ikkje minst publikum. Foredraget passar for alle som jobbar med arrangering av konsert og festival, enten du bookar, er leiar, produsent, teknisk ansvarleg eller arrangementspersonell på ein spelestad.

Foredragsholder: Anne Amundsen Myrseth

Spotify for Artist

Kl. 14.00 – 15.00
Eit innføringskurs for artistar og apparatet rundt ein artist der du lærer korleis du får satt opp og brukar ein artistprofil på Spotify.
Kva betyr det å verifisere Spotify-kontoen? Korleis ser Spotify ut på “baksida”? Kva verktøy får ein tilgong til og korleis brukar ein desse på best mogleg vis? Tim Dunham frå INgrooves gir ein presentasjon av korleis du kan utnytte moglegheitene i Spotify og hjelper deg i gang. Dette kurset er også nyttig for alle som jobbar i teamet rundt artisten, som t.d. manager eller musikkselskap då det er vanlig praksis at alle i teamet har tilgang til og brukar artistkontoen på Spotify.

Foredragsholder: Tim Dunham

Livesending frå Bartine

Kl. 15.00 – 16.00
Aktuelle artistar frå Sogn og Fjordane kjem til Blest og fortel på direkte radio om korleis dei jobbar. Vi snakkar laust og fast om korleis desse artistane har kome dit dei er i dag. Korleis kom ei jente frå Naustdal til å synge med Alan Walker? Korleis i alle dagar blir ein kar frå Balestrand den heitaste rapparen i Norge? Korleis får ein Gloppar 70 millionar avspelingar på éin låt berre på Spotify? Og korleis får ein Eidar skrive låtar til eit kinesist boyband? Dette er berre nokre av spørsmåla vi får svar på i løpet av denne timen med Livesending frå Bartine.

Panel:
Alexander Pavelich
Iselin Solheim
Sjur Gimmestad
Per Áki Sigurdsson Kvikne

KONSERTAR
Som delegat får du sjølvsagt tilgang til alle konsertane under festivalen.

BLEST SHOWCASE
17:00 – 18:00
Blest Showcase på Larris Scene. Denne konserten er gratis og open for alle.
Tre artistar får spele på ein eigen Blest-showcase. Ein av desse tre artistane vinn NRK Sogn og Fjordane sin pris Årets talent og får med dette spele også under utdeling av Luttprisen seinare på kvelden. Dette arrangementet blir sendt direkte på radio og nett-tv og er ei stor moglegheit for å vise seg fram for bransjen. Artistpåmeldinga er no stengt.

LUTTPRISEN
20:00 – 21:00
NRK Sogn og Fjordane deler ut Luttprisen i forbindelse med Blest 2018. Det er heile tre prisar som skal delast ut – årets artist, årets talent og kom deg vidare – prisen. Det blir eit forrykande show som også skal sendast LIVE på radio og nett-tv. Av dei som skal stå på scena finn vi blant andre Ronny Brede Aase, Sigrid Moldestad og Kjartan Lauritzen.

Du kan vere med å bestemme
Kven som skal få prisen er opp til publikum og ein fagjury. Dei ti som skal kjempe om prisen i år er Erlend Apneseth, Sigrid Moldestad, Kjartan Lauritzen, Silo, Andrea Santiago, Oselie, Ketil Thorbjørnsen, Steinar Karlsen, Månevenn, SJUR og Vilde & Anna. Alle kan vere med i folkejuryen ved å levere si røyst på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane fram til 15. januar.
Prisen er eit kunstdiplom av Oddvar Torsheim samt eit stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest.

KONSERT PÅ LARRIS
21:30
Bandet som skal avslutte Blest 2018 er fantastiske Fagernes Yacht Klubb! Det blir eit liveshow utanom det vanlige med legendarisk stemning, svette, eufori og oppblåsbare gjenstandar i fri flyt over publikum.

SKAFF DEG DELEGATPASS I DAG
Alt dette kan du få med deg på éin dag, og som delegat heilt gratis.

Meld deg på som delegat her!
Du må sjølv dekke reise og overnatting.

For overnatting: Scandic Sunnfjord Hotel & Spa gir rabatterte prisar til delegatar for overnatting denne helga. Prisar per rom per natt inkl. frukost: 895,- enk / 1295,- dbl / 1575,- trippel. Send bestilling på overnatting til elise@brak.no

Siste nytt