Bandpåmelding Blest Showcase

Bandpåmelding Blest Showcase

Vil du vise deg fram for musikkbransjen på Blest 2018?
Meld deg på og bli ein av tre band som får spele på Blest Showcase.

Blest 2018 finn stad i dei nye lokala på Scandic Sunnfjord hotel i Førde den 20. januar.

Meld deg på for å bli ein av artistane som får spele på Blest 2018!

Ein jury vel tre artistar som får spele på ein eigen Blest-showcase. Ein av desse tre artistane vinn NRK Sogn og Fjordane sin pris Årets talent og får med dette spele på Larris scene under utdeling av Luttprisen seinare på kvelden. Dette arrangementet blir sendt direkte på radio og nett-tv og er ei stor moglegheit for å vise seg fram for bransjen.

Ingen får honorar for å spele på Blest, men alle får dekka reisekostnader (inntil 2500,- per band), hotellovernatting og alle måltid.

I tillegg får artistane delegatpass som gir tilgong til fleire relevante kurs og billett til Luttprisutdeling og konsert.

Du må vere ein artist med forankring i Sogn og Fjordane for å delta. Frist for påmelding: 31. desember.

Fill out my online form.

Siste nytt