Bandpåmelding Blest Showcase 2019

Bandpåmelding Blest Showcase 2019

Vil du vise deg fram for musikkbransjen på Blest 2019?
Meld deg på Blest Showcase!

Blest 2019 finn stad på Scandic Sunnfjord hotel i Førde den 18.-19. januar.

Meld deg på for å bli ein av artistane som får spele på Blest 2019!

18. januar fyller vi Larris og Biblioteket på Scandic Sunnfjord Hotel med musikk frå Sogn og Fjordane. Seks artistar får spele i ein halvtime kvar. Vi inviterer relevante bransjefolk til å sjå akkurat din konsert. Ein av artistane blir også plukka ut av ein jury til å spele på Luttprisen laurdag kveld. Dette er ei stor moglegheit for å vise seg fram for bransjen. Artisten som blir plukka ut vinn også ein fotoshoot med Lindsay Bundschuh til ein verdi av 5000 kroner som vil gi gode bilde til å bruke i t.d. pressearbeid.

Alle som spelar på Blest får dekka reisekostnader (inntil 3000,- per band) og overnatting.

I tillegg får artistane delegatpass som gir tilgong til fleire relevante kurs og billett til Luttprisen laurdag 19. januar.

Du må vere ein artist med forankring i Sogn og Fjordane for å melde deg på.

Frist for påmelding: 30. november.

Meld deg på her

Siste nytt