Bandkurs i Høyanger

Bandkurs i Høyanger

Har du lyst å spele i band, men veit ikkje heilt kor du skal begynne? Då er dette kurset for deg!

13. september kjem sjølvaste Marie Amdam til Høyanger for å lære deg å spele i band. Arrangementet passar for dei som har ingen eller litt erfaring med å spele saman med andre. Du treng ikkje å kunne spele eit instrument, men det kan vere ein fordel. Det viktigaste er at du har lyst til å lære deg å spele.

Kurset startar på Høyanger skule med foredrag og samtale om det å starte band. Etterpå går vi ned i musikkbingen.

Kurshaldar Marie Amdam er vokalist, gitarist og låtskriver i bandet Razika. Etter snart elleve år i band har ho masse erfaring og tips til korleis ein både startar og speler i band.

Kurset er avgrensa til personar mellom 12 – 18 år.

Påmelding

Gratis påmeldig for Brak-medlemmar i skjema under (Meld deg inn i Brak gratis her).

Tid: Onsdag 13. september kl. 17:00-20:00

 

Meld meg på!

Bookings are closed for this event.

Siste nytt