Bandkurs med Aleks Grey

Bandkurs med Aleks Grey

Korleis startar ein band? Aleks Grey viser deg korleis du kjem i gang!

Velkommen til Bandkurs med Aleks Grey!

Stad: Stryn kulturskule
Dato: 12. januar
Tid: 11.00 – 15.30
Pris: gratis for Brak-medlemmar og elevar i kulturskulen. 400 kroner for andre deltakarar.
Alder: 10 – 18 år. Vi deler inn i band etter alder og instrumentering.
Påmeldingsfrist: 20. desember

Vi får besøk av sjølvaste Aleks Grey som viser deg korleis du kjem i gang med band. Dagen startar med ein kort intro om korleis det er å spele i band. Deretter deler vi i fire grupper som får kvart sitt øvingsrom. Dei fire bandmedlemmane i Aleks Grey sirkulerer mellom gruppene. Ta gjerne med forslag til kva de vil spele, enten på notar eller som innspelt materiale. Det kan også vere lurt å forberede seg på sitt instrument for å få mest mogleg ut av dagen. Aleks Grey tar også med seg nokre forslag til låtar.

Aleksander Raftevold frå Heggjabygda i Eid kommune har utdanning frå Liverpool institute for performing arts (LIPA) og jobbar no som musikar og lærar på Follo folkehøgskule. I løpet av 2018 har Aleks Grey med Aleksander Ragtevold i spissen gått i samarbeid med Toothfairy Label & Management og gitt ut to sterke singlar; Let Go og Stay. I oktober runda Aleks Grey 1 million avspelingar på Spotify. Aleksander Raftevold har med seg Runar Netland på trommer, Sebastian Berg på gitar og Are Næsset på bass og synth.

 

Meld deg på her 

Brak-medlemmar og elevar i Stryn kulturskule kan delta gratis.
Er du ikkje medlem eller elev kostar det 400 kroner å delta på kurset. Faktura blir sendt ut i etterkant av kurset.

Siste nytt