Bandkurs med Eline Brun, Sturle Sandvik og Lill Scheie.

Bandkurs med Eline Brun, Sturle Sandvik og Lill Scheie.

Drøymer du om å spele i band? Bli med på bandkurs der du får spele saman med andre på din alder!

Stad: Stryn kulturskule
Dato: 28. september
Tid: 11.00 – 16.00
Pris: gratis for Brak-medlemmar og elevar ved Stryn kulturskule. 500 kroner for andre deltakarar.
Alder: 10 – 18 år. Vi deler inn i band etter alder og instrumentering.
Påmeldingsfrist: 13. september.

Instruktørar: Eline Brun, Sturle Sandvik og Lill Scheie.

Vi får besøk av tre fantastiske musikarar, låtskrivarar og instruktørar som skal lære oss meir om å spele i band. Dagen startar med ein kort intro om korleis det er å spele i band. Deretter deler vi i  grupper som får kvart sitt øvingsrom. Dei tre instruktørane sirkulerer mellom gruppene. Ta gjerne med forslag til kva de vil spele, enten på notar eller som innspelt materiale. Det kan også vere lurt å forberede seg på sitt instrument for å få mest mogleg ut av dagen. Instruktørane tar også med seg nokre forslag til låtar. Er du med på låtskrivingskurs dagen før, kan du få jobbe meir med låten din sammen med bandet! Les meir om kurs i låtskriving her.

Om instruktørane

Eline Brun er 25 år, kjem fra Jostedalen og er keyboardist og vokalist. Etter tre år på musikklinja på Firda VGS (2010-2013) flytta ho til Liverpool for å studere musikk ved Liverpool Institute for Performing arts (2013-2016). No er ho basert i Wales der ho jobbar som keyboardist, vokalist, låtskrivar og produsent i bandet I SEE RIVERS.

Lill Scheie er 26 år, kjem frå Oslo og jobbar som musikar og låtskrivar. Etter å ha studert musikk og lydteknologi ved The Liverpool Institute for Performing Arts (LIPA) i fire år, samt to års virke som utøvande musikar i Wales, er ho no tilbake i Oslo og har sitt hovudvirke som vokalist, perkusjonist, låtskrivar og produsent i bandet I SEE RIVERS”

Sturle Sandvik er ein 26 år gamal gitarist frå Flekke i Sunnfjord. Han har bachelor i utøvande musikk frå Liverpool Institute of Performing Arts (2013-2016), og har budd i Bergen sidan 2016 kor han har studert musikkpedagogikk og engelsk, samt jobba som lærar/assistent på barneskule. Sturle har spelt i mange bandprosjekt og har vore innom det meste av musikksjangrar. På scena har han mest erfaring som kompgitarist, men også som frontfigur og bandleiar i ulike rockeband. Heilt sidan tida på kulturskulen har han laga mykje instrumentalmusikk på akustisk gitar i stilen “percussive fingerstyle” og har mykje erfaring med det å vere åleine på scena og å komponere åleine.

Påmelding

Brak-medlemmar og elevar i Stryn kulturskule kan delta gratis.
For andre kostar det 500 kroner å delta. Faktura blir sendt ut i etterkant av kurset.

Meld deg på her 

Meld deg inn i Brak gratis her

Siste nytt