Banddoktor

Banddoktor

Meld bandet ditt på Banddoktor med Søren Reiff!
NB! To plassar igjen.

I Banddoktor får bandet ditt to timar med intensiv jobbing saman med Søren Reiff. Banda vil få kreative og konkrete tilbakemeldingar på samspel, framføring, arrangement og dynamikk. Det vil bli jobba med sound og uttrykk, men også med dei individuelle prestasjonane. Bandet sender i forkant 2-3 låtar til Søren Reiff.

Søren Reiff er ein dansk jazz- og funkgitarist, men med masse erfaring frå dei fleste sjangrar. Han har gitt ut tre eigne album og har svært lang fartstid som profesjonell gitarist. Søren har jobba med blant mange andre; Kim Larsen, Hanne Boel, Chaka Khan og Randy Crawford.

Program
09.00 – 11.00 Banddoktor 1
11.30 – 13.30 Banddoktor 2
15.00 – 17.00 Banddoktor 3
Har du spesielle ønske for tidspunkt, gi beskjed på e-post til elise@brak.no

Bruk sjansen mens Søren Reiff er i Førde og få også med deg Guitarcamp.
Les meir om Guitarcamp (12 – 16 år)
Les meir om Guitarcamp 17+
Laurdag kveld vil Søren også dra igang ein jamsession. Her kan ein vise fram det ein har jobba med på seminar, eller slenge seg på ein låt eller to. Meir informasjon kjem.

Som Brakmedlem får du kurset gratis. Du kan melde deg inn her. 

Er du ikkje medlem i Brak, kan du likevel bli med på kurs. For ikkje-medlemmar er kurset likevel sterkt sponsa og kostar berre 1000 kroner per band. Send skriftlig påmelding med navn, alder, adresse, telefonnummer og lenke til musikk til elise@brak.no. Faktura vil bli sendt i etterkant av påmelding.

Kurset blir arrangert i samarbeid med Førde kulturskule og med støtte frå Førde kommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Meld meg på!

Meld deg inn om du ikke allerede er medlem. Medlemmets e-postadresse er den til artisten, bandet eller aktøren du er tilknyttet. (Kan være samme som din egen e-post).

Siste nytt