Arrangørtreff sommar 2019

Arrangørtreff sommar 2019

Velkommen til arrangørtreff på Malakoff 18.-19. juli.

Bli med på Malakoff19 og treff andre arrangørar og festivalar frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal. Vi blir bedre kjent, lærer av kvarandre sine erfaringar og bygger kompetanse. Arrangørtreffet er uformelt og fokuserer på sosialt samvær, men det blir også ein faglig bolk og omvising på festivalområdet fredag formiddag.

Program:

Torsdag 18. juli
16.00 – 17.00: Omvisning på Sagastad
17.30 – 19.00: Grilling og bading (?) i Jektehola
19.20: Konsertstart

Fredag 19. juli
10.30: Omvising på festivalområdet med Malakoff
12.00 – 13.30: Seminar om festivalar og miljø på klubbhuset til Eid IL
13.30 – 15.00: Gatefest i Eidsgata
16.15: Konsertstart

Sagastad
Vermeldingane ser riktig så bra ut, men dessverre på grunn av den evinnelege ettermiddagsvinden på Eid har vi måtte avlyst båtturen. I staden tar vi turen inn og ser på ein båt på land. Myklebustskipet ligg på Sagastad og vi får omvisning der torsdag mellom 16.00 og 17.00. Les meir her: https://sagastad.no/.
Oppmøte: ved inngang til Museet i Sjøgata 41 kl. 16.00.
Jektehola
Jektehola ligg i ly for vinden bak amfiscena på konsertområdet. Her er det grillar, eit fint uteområde og moglegheit for bading. Brak kjøper inn grillmat og litt å drikke. Oppmøte: Vi går i samla flokk etter omvisinga på Sagastad ca. kl. 17.00 (den vanlige vegen gjennom Malakoff er stengt, så vi går om Nordfjord Hotel). NB! Gi beskjed om du har spesielle diettar eller allergiar!
Akkreditering
Billettband hentast ut på vanleg måte ved framvising av billett kjøpt gjennom Ticketco. NB! billetten gjeld for konsertar torsdag – laurdag og inngang til camp. Overnatting må ordnast av den enkelte.
Omvising på Malakoff
Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal tar oss tradisjonen tru på ei omvising før opning på fredagen. Sjå korleis Malakoff blir avvikla frå innsida og få med deg kva som er nytt av året.
Oppmøte: hovudinngangen til Malakoff kl. 10.30
Seminar på Klubbhuset til Eid IL
Omvisinga på Malakoff endar opp i podtown som ligg rett ved Klubbhuset til Eid IL. Seminaret varer frå 12.00 – 13.30 og inneheld ein presentasjon av plastfri festival med Stokkøya Festival, samt ein kort presentasjon av prosjektet Grøn Festival og Rene Glass.
Oppmøte: Klubbhuset til Eid IL kl. 12.00 (rett ved podtown)

Om seminaret

På årets seminar under arrangørtreffet på Malakoff fokuserer vi på miljø og kva festivalar kan gjere for å minimere sitt klimaavtrykk. Vi har invitert Wenche Sundt Bendixvold-Ryjord og Thomas Ryjord frå Stokkøya Festival og Arne Gjellerud frå Rene Glass til å hjelpe oss å bli meir bevisst på korleis festivalane kan bidra i kampen for å snu klimaendringane.

Vegen til plastfri festival på Stokkøya
Stokkøya Festival blei arrangert for første gang sommaren 2018 i havgapet på Trøndelagskysten, og trakk nesten 3000 i publikum. Allereie i første gjennomføring tok festivalen radikale grep for å redusere eigen avfallsproduksjon og gjennomføre Norges første plastfrie festival der blant anna ingen eingongs plastglass blei brukt. I dette foredraget forteller markedssjef Wenche Sundt Bendixvold-Ryjord og festivalsjef Thomas Ryjord meir om korleis dei gjekk fram, og kva dei lærte undervegs.

Framtida er gjenbruk med Rene glass
Rene Glass ynskjer å vere først ut frå startblokka med å sette ein ny bransjestandard ved å eliminere bruk av eingongsplast. Vi ynskjer på sikt å bli ein totalleverandør av miljøprodukt til bransjen.
Arne Gjellerud frå Rene Glass presenterer den første løysinga for gjenbrukbare hardplastglas i Norge. Arne forklarar korleis systemet vil fungere og tar i mot spørsmål frå festivalane.

 

Praktisk informasjon

Billettane kostar 500 kroner og inkluderer arrangørtreffet, festivalpass for heile Malakoff og inngang til Camp.
Billettane kjøpast gjennom ticketco med promokode: bransjemr19
Skal du ikkje på konsertar kan du, som medlem i Brak, delta gratis på omvising, grilling og seminar. Påmelding sendast isåfall til elise@brak.no.

Brak spanderer mat og drikke i Jektehola.

Billettband hentast ut på vanleg måte ved framvising av billett ved hovudinngangen.

Med tilgong til camp kan du bestille teltplass, lavvo eller karttent. Det blir også sett opp poddar på Malakoff i år. Les meir om overnattingmoglegheiter her. 

PÅMELDINGA ER NO STENGT

Siste nytt