Arrangørtreff sommar 2018

Arrangørtreff sommar 2018

Velkommen til arrangørtreff på Malakoff 19.-20 juli.

Bli med på Malakoff18 og treff andre arrangørar og festivalar frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal. Vi blir bedre kjent, lærer av kvarandre sine erfaringar og bygger kompetanse. Arrangørtreffet er uformelt og fokuserer på sosialt samvær, men det blir også ein faglig bolk og omvising på festivalområdet fredag formiddag.

Program:

Torsdag 19. juli
15.00 – 18.00: Grilling og aktivitet i Sagaparken
18.30: Vi går felles til akredittering
19.00: Konsertstart

Fredag 20. juli
12.00: Omvising på festivalområdet med Malakoff
13.30 – 15.30: Bygdearrangøren på Gymmen
16.30: Konsertstart

Panel – Bygdearrangøren
På bransjefestivalar snakkar ein om dei store scenenen og dei store festivalane i dei store byane. Korleis skal bygdearrangøren forholde seg til denne informasjonen? Kva utfordringar og moglegheiter ligg spesielt for bygdearrangøren? Det blir tatt opp tema som sikkerheit/terror, samarbeid med politikarar/kommune, frivilligrekruttering, samfunnsansvar, søppelhandtering og eksklusivitet. Brak inviterer deltakarar til panelet, men det skal vere ope for aktiv deltakelse frå salen.

Moderator: Hilde Langtangen, styreleiar i Malakoff
Panel: Bjørn Olav Tveit, Festidalen
             Jon Gotteberg, NKA
             Terje Erstad, Momentium

Praktisk informasjon

Malakoff spanderer to festivalpass per arrangør.

Brak spanderer middag og noko å drikke på torsdag.

Skal du overnatte? Malakoff held av lavvoar til deltakarar på arrangørtreffet. Du kan derfor booke 1 plass i lavvo  – og sleppe å booke ein heil lavvo. Betaling ved ankomst i Lavvocampen. Book overnatting i Lavvocampen ved påmelding.

Meld deg på til post@malakoff.no

Siste nytt