Filtrer på tags

Grøn Festival

Grøn Festival

I desse dagar utviklar Brak ei mijøsertifisering for festivalar!

Kloden er sjuk

Forskarar er einige om at det blir umogleg å kontrollere klimaendringane viss temperaturen i år 2100 er meir enn 2 grader varmare enn den var i 1850. Effekten av klimaendringane fører til dårlegare tilgang på mat og vatn, tap av naturmangfald, helseproblem, økonomisk ulikskap, konfliktar og flyktningar, skade på natur, infrastruktur og bygningar.  Les meir om klimaendringar på FN sine sider. 

Verda vår treng at vi tar oss saman! Men korleis kan festivalane og store arrangement bidra til å minske sine klimaavtrykk?

 

Miljøsertifisering

Med avgrensa ressursar er det krevjande for ein festival å sertifisere seg i tunge ordningar som Miljøfyrtårn eller ISO 14001. Derfor utviklar Brak no i samarbeid med Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og ei styringsgruppe samansett av festivalar, Naturvernforbundet og Norske konsertarrangører ei sertifisering som fokuserer på å hjelpe festivalane å ta klimavennlege valg.

Fem satsingsområde

Sertifiseringa fokuserer på klimatiltak i fem hovudområde:

  1. Energi
  2. Transport
  3. Innkjøp
  4. Mat og servering
  5. Avfall

Under kvart satsningsområde blir det krav om å gjennomføre ulike tiltak som f.eks. å kutte plast ved servering av mat eller å bytte frå dieselaggregat til landstraum.

Instruks

Til sertifiseringa blir det utarbeida ein instruks. Denne skal innehalde tips og råd om korleis du kan gjennomføre tiltak. Det vil også bli lagt inn ressursar som til dømes liste over renovasjonsselskap og korleis dei vil motta avfall (i kva fraksjonar) og liste over søkbare midlar for å gjennomføre miljøtiltak.

Sertifisering 
For å bli sertifisert vil du måtte krysse ut ei sjekkliste som skal sendast inn til prosjektleiar. Har du fullført alle krava vil du kunne kalle deg Grøn Festival og få bruke logoen på dine nettsider. Det vil bli gjennomført stikkprøver i løpet av festivalsesongen, men i hovudsak vil sertifiseringa basere seg på tillitt og fokusere på gjennomføring av tiltak over rapportering og papirarbeid.

Følg guiden til korleis du blir sertifisert her. Det vil bli lagt ut oppdatert informasjon, ressursar og nødvendige dokument utover hausten.

 

Festivalsesongen 2019

Festivalane i styringsgruppa gjennomfører ulike tiltak allereie i sesongen 2019 og testar ut spesielt dette med avfallshandtering. Det er også utarbeida ein kampanje som festivalane kan dele på sosiale media for å oppmode gjestene sine til å ta miljøvennlege val. I årets kampanje fokuserer vi på å redusere biltrafikken, bruk av eingongstelt og snus og sneip som hamnar på bakken under ein festival.

Nydelig design av Astri Riedl Smeplass i Monografisk

Vil du ha tilgong til plakat som kan delast på facebook eller instagram? Ta kontakt med prosjektleiar på elise@brak.no.

 

Prosjektet vart sett igang i januar 2019 og er finansiert av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Siste nytt