Her finner du artister, arrangører og øvrige bransjeaktører fra Hordaland og Sogn og Fjordane

sisselmarie

sisselmarie

Vokalisten og låtskrivaren Sissel Marie Frøyland går under artistnamnet sisselmarie, og har gjennom fleire år utforska sitt personlege uttrykk saman med dyktige musikarar. Musikken og tekstane hennar gir uttrykk for ei reise i kjensler som har prega livet hennar dei siste åra.
Sisselmarie er gjennom frisk pop oppteken av å formidle det sårbare ved livet, glimt av glede, sorg, meistring, skuffelsar og nærheit.

I bandet har sisselmarie med seg:

Runar Netland, trommer
Martin Morland, bass
Sverre Undheim, tangenter
Tobias Flottorp Heltzer, gitar og produsent

Hausten 2015 ga sisselmarie ut sin debutsingel “Have no fear” som saman med musikkvideo vart motteken med stor begeistring. I 2016 byrja ho å synge på dialekt og slapp sin andre singel “Ved sida di”. Denne låta fekk speletid på NRK P1 og var eit viktig steg i prosessen mot å skrive og synge på dialekt. Artisten gav ut den siste singelen på sitt eige plateselskap. Dei siste åra har ho jobba med sitt debutalbum «Når tida er inne» med alle tekstar på nynorsk.