Her finner du artister, arrangører og øvrige bransjeaktører fra Hordaland og Sogn og Fjordane

Kaia Höl

Kaia Höl

Kaia Höl
Artist og produsent, Sogn og Fjordane

Eg er 27 år gammal og oppvaksen i Øvre Årdal. Eg bur i Stavanger. Sidan tenåra har eg produsert musikk med MIDI-softsynthar i heimestudio i Årdal, alt ved hjelp av gehøret. Same metoden nyttar eg på produksjonane mine i dag. Nokre artistar eg ser opp til og blir inspirert av er alt-J, Mø, Agnes Obel, Erik Satie, Portugal. The Man, Lana del Rey, Susanne Sundfør, The Avener og Danger Mouse.

Stillheita sjølv er ei viktig kjelde for inspirasjon, men eg blir òg inspirert etter å ha lese ei god bok eller sett ein film som gjorde inntrykk. All inspirasjonen eg har fått gjennom tidene har resultert i mange hundre utkast over eit langt tidsspenn. Utkasta tek eg fram att kanskje mange år etter at dei blei laga. På den måten har all musikken eg har laga blitt til minner for meg. Minna musikken vekker og stemningen den kan gje tykkjer eg er det kjekkaste med å lage musikk.

I januar 2018 fekk eg platekontrakt med Needed Records i Tylden og Co. I 2018 har vi gjeve ut songane Mountains, Unique, Rock Solid og My Body Knows. 4. januar 2019 kjem ‘’I Woke Up This Way’’.

Ein fot innan multimedia og filmsnuttar har eg også. Eit spennande prosjekt eg har delteke på er eit TV-program for NRK. ”Helt alene” heiter det, og det gjekk på NRK1 i oktober, og er framleis å finna på nett-tv. Eg budde på fjellet i vakre Jotunheimen åleine med kamera som einaste venn. Her overnatta eg med telt for fyrste gong åleine, og gjekk på turar i Hurrungane.

24. oktober fekk eg med meg ei gruppe dyktige musikarar til debutkonserten min i Farnes Kyrkje i Årdal. Det var ei utruleg kjekk oppleving. Eg håpar å kunne halde fleire konsertar, så book meg gjerne til ditt arrangement. For meir løpande info kan du følge meg på Facebook.

contact.kaiahol@gmail.com