Her finner du artister, arrangører og øvrige bransjeaktører fra Hordaland og Sogn og Fjordane

Jackbow

Jackbow

Jackbow er eit hardtarbeidande rockeband frå Nordfjordeid. 2019 starta med at bandet slapp sin tredje singel These Days, som dei spelte inn på Ocean Sound Recordings i haust. Deistakk av med prisen for Årets Nykommar i Sogn og Fjordane under Blestfestivalen på Larris Scene i januar. Det førte til at dei fekk spele på NRK si Luttprisutdeling. Det siste året har vore innhaldsrikt for bandet, dei har spelt på Eggstokkfestivalen i Bergen, og for fulle hus på Malakoff 2018. Bandet har også og spelt på Bygdesus festivalen på Rokken og fleire konsertar Gymmen på Nordfjordeid. Hausten 2018 spelte Jackbow stort sett akustisk, der dei blant anna var supportband for Oslo Ess. Dei satsar på å hevde seg meir i 2019 sin til eit større publikum, gi ut meir musikk og opptre på fleir festivalscener sommaren 2019. Bandet leverer eit høgenergisk sceneshow og skapar ei spesiell atmosfære blant publikum.