Filtrer på tags

Brak har fått midler til å miljøsertifisere festivalar!

Brak har fått midler til å miljøsertifisere festivalar!

Brak har mottatt ei gåve på 650 000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane for å sikre at festivalane i fylket blir grønare og meir miljøvennlege.

Gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som forvaltar overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Målsettinga med gåva er å gi musikkfestivalane i fylket eit miljømessig løft, med Øyafestivalen som mal. Øyafestivalen og festivalane sin interesseorganisasjon Norske Konsertarrangører er òg samarbeidspartnarar i prosjektet, i tillegg til Naturvernforbundet Sogn og Fjordane. Laurdag var det lansering av intiativet under Blest-festivalen på Sunnfjord hotell. Der var ein rekke av aktørane samla for å diskutere vegen vidare.

–  For å oppnå prosjektet sine ambisiøse mål, skal vi utvikle ein metodikk som kan rullast ut over heile fylket. Dette har Brak koordineringsansvar for, og fleire av dei største festivalane i fylket er med som rådgivarar. Nokre har allereie lang erfaring med miljøarbeid og -sertifisering, og vi vil bygge vidare på dette arbeidet, fortel Elise Hessevik, prosjektansvarleg for Brak Sogn og Fjordane.

Etter årets festivalavvikling vil vi evaluere miljøtiltak og ta inn fleire festivalar i programmet med tanke på å implementere miljøtiltak frå 2020. Målsettinga er å få med tjue festivalar totalt i løpet av to år.

Prosjektet vil òg utvikle eit kontroll- og sertifiseringssystem som blir klart til festivalane i 2020. Fokus for prosjektet er konkrete forbetringstiltak som vil gi størst effekt iht. miljøavtrykk.

I dag kunne adm. direktør, Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane overrekke gåvesjekken på 650 000 kroner. Han er tydeleg på at dette er eit viktig område for banken å vere med å støtte.

–  Festivalar og andre større arrangement er heilt klart viktig for trivsel og kultur i samfunnet, og om vi i tillegg kan gjere dei meir miljøvennlege, så er det veldig positivt. Det å vere med å redusere karbonavtrykket til festivalane er heilt klart eit steg i riktig retning. Vi gler oss til å sjå resultatet av prosjektet og ønskjer dei lykke til med gjennomføringa, seier Teigene.

(Tekst henta frå www.meirennbank.no)

Foto: Inger Marie Lien

Siste nytt