Filtrer på tags

Blest søker festivalsjef i 20 % engasjement

Blest søker festivalsjef i 20 % engasjement

På vegne av den nystifta foreininga Sunnfjord Musikkfest søkjer Brak festivalsjef for Blest Festival. Stillinga er eit eitt års engasjement i 20% stilling med moglegheit for forlenging. Det vil også bli jobba for å auke stillingsprosenten over tid.

Om festivalen

Blest Festival er ein musikkfestival i Førde som fokuserer på å fremme musikk, artistar og musikkbransje frå Vestland fylke og spesielt frå området Sogn og Fjordane. Festivalen inneheld i dag ein konferanse for musikkbransjen, ein showcase for nye og aktuelle artistar og Luttprisen, som viser fram dei viktigast artistane frå året som er gått.

Festivalen har frå 2011 vore koordinert av prosjektansvarleg i Brak Sogn og Fjordane. Frå 2019 er foreininga Sunnfjord Musikkfest oppretta og vi søkjer derfor ein Festivalsjef som kan leie og utvikle festivalen vidare.

Festivalen vil framleis ha tett samarbeid med Brak som leverer konferanse og NRK Sogn og Fjordane som leverer Luttprisen.

Arbeidsoppgåver:

Som festivalsjef har du det øvste ansvaret for leiing og utvikling av festivalen. Det blir viktig å skaffe og koordinere samarbeidspartnarar, kommunisere med publikum og ha økonomisk styring på festivalen.

Vi søkjer deg som:

  • har samlande evner og gode leiareigenskapar
  • er engasjert og positiv, har god evne til samarbeid, er strukturert og fleksibel
  • har erfaring med produksjon av arrangement
  • har erfaring med økonomi og/eller god økonomisk forståing
  • er god på sosiale media, kommunikasjon og relasjonsbygging
  • har god skriftlig og munnleg framstillingsevne på norsk
  • er visjonær og ynskjer å utvikle festivalen

Det er ein fordel om du er busett i Førde eller omegn og har nettverk i lokalt, regionalt og nasjonalt kulturliv.

Vi tilbyr:

  • spennande stilling i ein ny organisasjon med store moglegheiter for å påverke utviklinga av festivalen
  • kontor hos PEAK Sunnfjord (kan også ha kontor andre stadar)
  • Lønn etter avtale

Søknad

Søknad med CV sendast per e-post til elise@brak.no.

Søknadsfrist: 21. juni 2019
Ønska oppstart: 15. august 2019

Spørsmål: Har du spørsmål til stillinga? Ta kontakt med prosjektansvarleg for Brak Sogn og Fjordane, Elise Hessevik: elise@brak.no // 938 55 409

Siste nytt