Filtrer på tags

Artistslepp Blest Festival!

Artistslepp Blest Festival!

FØRSTE ARTISTSLEPP TIL BLEST!

Blest er Sogn og Fjordane sin eigen bransjefestival som går av stabelen 18. – 19. januar 2019 i Førde. 18. januar fyller vi Larris med musikk frå Sogn og Fjordane. 19. januar er det konferanse og Luttprisen. Som delegat får du delta på alt dette heilt gratis! Les meir og meld deg på som delegat her: http://www.brak.no/hendelse/blest-2019/

SHOWCASE
Fredag 18. januar kl. 20.00 – 01.00

V I L N E S
Mannen bak artistnamnet V I L N E S er songar, hitmakar og showman Eivind Vilnes. Han skriv fengjande låtar i bøtter og spann. Den engelske musikkbloggen Nordic Music Review omtalte hans første låt Demons som “this really is 2 minutes and 40 seconds of indie pop genius”.

Falkevik
Falkevik er ein trio med Julie Falkevik Tungevåg i spissen. Med mot, kreativitet og kjærleik for improvisasjon  kombinerer trioen det kalde, nordiske jazz-uttrykket med elegante og rare popmelodiar. Falkevik slapp debutplata si Louder than I’m used to i oktober og fekk terningkast 5 både i Dagsavisa og Aftenposten.

Jackbow
Jackbow er eit hardtarbeidande rockeband frå Nordfjordeid. Bandet har gitt ut to singlar og har fleire på trappene i 2019. I 2018 har Jackbow blant anna varma opp for Oslo Ess og spelt for fulle hus på Malakoff. Bandet leverer eit høgenergisk sceneshow og skapar ei spesiell atmosfære på konsertane sine. Dette vil de ikkje gå glipp av!

TBA

TBA

TBA

TBA

 

LUTTPRISEN
Laurdag 19. januar kl. 20.00 – 21.00
NRK Sogn og Fjordane deler ut Luttprisen i forbindelse med Blest 2019. Luttprisen oppsummerer musikkåret 2018 og fleire av årets viktigaste artistar blir og sjå på scena. Det blir eit forrykande show på Larris scene som også skal sendast LIVE på radio. Showet inneheld blant andre: SJURSOFIA_officialAleks GreyFrida Hunshammer og Lothe. Konferaniser: Ronny Brede Aase

Konsert: 21.30 – 22.00: TBA

Etter Luttprisen fortsetter vi å feire musikklivet i Sogn og Fjordane ut i dei små timar. 

 

 

Siste nytt