Filtrer på tags

Artistpåmelding til 100 dagar er open!

Artistpåmelding til 100 dagar er open!

Meld deg på Vestlandets beste treff for ny live-musikk!

100 Dagar 2019 smell i gong sin ellevte festival helga 25.–26. januar 2019. Ønsker du å spele, har du ambisjonar om å nå ut med musikken din, har du ei bra live-greie på gong, og ser du for deg at du eller bandet ditt kan stå på plakaten til festivalane på vestlandet neste sommar, så skal du melde deg på 100 Dagar 2019.

100 Dagar er meir enn ein festival:

  • Få kontaktar og bygg nettverk med festivalbransjen
  • Utveksle erfaring med andre band og artistar
  • 100 Dagar gir festivaljobbar – fleire band blir booka til festivalar
  • Seminar for musikarar av musikarar, i samarbeid med BRAK og STAR

Meld deg på her!

Siste nytt