Filtrer på tags

Artistar til Blest Showcase er klare

Artistar til Blest Showcase er klare

Brak har valt ut tre lovande artistar til å spele på Blest Showcase for å vise fram litt av alt det spennande som skjer i ny musikk frå Sogn og Fjordane. Dei utvalde er Martine Håland, Sofia Hyttedalen og Blasfemisk Eksplosjon.

Martine Håland
Martine Håland har for det meste jobba og opptredd åleine som artist. No har Martine skaffa seg band og vi gler oss svært mykje til å høyre resultatet. Utgangspunktet for musikken er catchy elektronisk pop, inspirert av fleire sjangrar. Songane blir framførte med både elektroniske og akustiske instrument og element, og er prega av såre og ærlege tekstar, støtta av eit pulserande komp med sterkt fokus på stemning og atmosfære.

Sofia Hyttedalen
Sofia Hyttedalen er produsent og låtskrivar frå Sandane som også er ein svært god vokalist. Ho har mellom anna laga låta og skrive tekst til “LOUD” sammen med produsenten Coucheron. “LOUD” vart lista på NRK P3 og spelt kvar dag i 3 mnd, på hausten/vinteren i fjor.

Blasfemisk Eksplosjon
Blasfemisk Eksplosjon er noko så sjeldant som reggae/dub frå Sunnfjord. Bak Blasfemisk Eksplosjon finn vi Johannes Vestrheim som er produsent, instrumentalist, låtskrivar og vokalist. Blasfemisk Eksplosjon sender sterke vibbar til reggae og hip-hop miljøet frå Sunnmøre (Side Brok, Sirkel Sag og Mahogni) og har også gjort seg kjent i dette miljøet i Bergen. Blasfemisk Eksplosjon er kjent for å levere svært underhaldande liveshow og publikum vil garantert komme i god stemning.

Dette er tre svært ulike, men veldig spennande artistar. Vi gler oss veldig mykje til å høyre desse artistane live og til å vise dei fram til bransjen. Dette er ei stor moglegheit for artistane for på arrangementet vil det vere bransjeaktørar ikkje berre frå Sogn og Fjordane, men også frå musikkmiljøet nasjonalt.

Årets talent
Ein av artistane som spelar på Blest Showcase blir valt ut som Årets talent av ein fagjury og får med dette spele også under utdeling av Luttprisen seinare på kvelden. Luttprisen blir eit gnistrande show som blir sendt direkte på radio og nett-tv og som viser fram nokre av dei meir etablerte musikarane vi har frå dette fylket. Det skal i tillegg til prisen som Årets talent også delast ut pris til Årets artist frå Sparebanken Vest og eit Furorestipend frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Fagjuryen for Årets talent er: Eline Brun (artist – I SEE RIVERS), Gilbert Lunde (MER), Anne Amundsen Myrseth (Sentrum Scene, Rockefeller og John Dee) og Håvard Ese Eliassen (Fres Festival og Blaoboxen).

Program Blest laurdag 20. januar
11.00 – 15.00
Blest – fagprogram for musikkbransjen
Meld deg på som delegat her

15.00 – 16.00
Radiosending frå Bartine
Gratis og ope for alle

17.00 – 18.00
Blest Showcase
Gratis og ope for alle

20.00 – 23.00
Luttprisen og Fagernes Yacht Klubb
Kjøp billett til Luttprisen og Fagernes Yacht Klubb her

Siste nytt