Filtrer på tags

100 dagar 25. – 26. januar 2019

100 dagar 25. - 26. januar 2019

100 Dagar 2019 smell i gong sin ellevte festival helga 25.–26. januar 2019. 100 Dagar er ein nettverksarena for festivalleiarar på Vestlandet, og samstundes eit knutepunkt for ambisiøse musikarar frå Vestlandet som får høve til å spele showcaser for eit større publikum og for bransjefolk.

Om 100 dagar

100 Dagar er Noregs minste bransjefestival med ein garantert bli sett og høyrt oppleving for banda som spelar der. Nettverksarenaen knyttar festivalar og band tett saman og gir ein unik mulighet til å knytte kontaktar med musikkbransje og musikkfestivalane på Vestlandet. Opptil 20 band får delta kvart år. Her får dei ein unik sjanse til å vise seg fram for eit nytt og større publikum, og for meir enn 20 festivalrepresentantar. Målet til stiftinga er å skape grobotn for erfaringsutveksling, nettverksbygging og samarbeid mellom festivalane på vestlandet, og vera ein pådrivar for å få fram nye band og artistar frå vestlandsregionen.

Følg med her for programoppdateringar!

100 dagar på Facebook

(Tekst henta fra 100 dagar sine eigne sider)

Siste nytt